Ny naturvernklage på motorferdsel i Eikesdal

Som i 2005 har politikarane i Nesset kommune fatta eit vedtak om at Eikesdal alpin skal få køyre snøskuter i Eikesdal. Vedtaket denne gangen er fatta på tvers av ei innstilling frå administrasjonen, ettersom administrasjonen meiner det ikkje er lovgrunnlag for å gi dispensasjon. Naturvernforbundet er samd med administrasjonen i dette, og har klaga saka inn til Møre og Romsdal fylke.

Det er eit landskapsvernområde i Eikesdal. Landskapsvernområdet har mykje av si grunngjeving i at området er viktig for ein del av Nord-Europas attlevande villreinstamme. Det har gjennom år vore arbeidd for at reinen skulle komme tilbake til dette området, og det er oppnådd dei seinare åra. Seinvinteren er ei tid då villreinen kan ha noko marginale tilhøve, både med omsyn til at det kan vere vanskeleg å finne mat og at det nærmar seg kalving. Villreinen er var og blir fort påverka av trafikk, anten det er med eller utan motor.

Naturvernforbundet ønskjer difor ikkje etablering av alpinanlegg eller motorferdsel i og like opp til det aktuelle området vinterstid. Naturvernforbundet har difor vore kritiske til etableringa av alpinanlegg, og bede om at ei slik etablering blir drøfta i samband med kommuneplanen for området slik at alle omsyn kan sjåast i samanheng.

Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å ta vare på naturen

Klagen frå Naturvernforbundet