Ny søknad frå Fri Flyt om heli-skiing i Sunnmørsfjella – Naturvernforbundet er kritiske

Kvart år søker magasinet Fri Flyt om å få nytte helikopter til å lage reportasjar frå heli-skiing i Sunnmørsfjella. Dei siste åra har det gått søknad til alle kommunane på Indre Sunnmøre, og søknadene har alltid vore utforma for å gi mest mogleg «fri flyt» av helikopterløyve. Naturvernforbundet er kritiske til denne bruken av helikopter i natur- og friluftsområde.

I Fri Flyt sin søknad til Ørsta kommune, som Naturvernforbundet no har gitt fråsegn til, blir det søkt om å få nytte mange av dei flottaste naturområda i landet til heli-skiing, ein aktivitet som generelt er forbode i Noreg. Naturvernforbundet meiner slik støyande aktivitet bør nyttast i dei områda som allereie er mykje utsett for motorisert ferdsel, t.d. der det finst alpinanlegg.

– Det finst rikeleg med Hemsedalskvalitet med tilrettelegging og støyande verksemd kring om i landet. Slogenkvalitet er mykje meir sjeldan og heller unik i friluftslivssamanheng. Denne Slogenkvaliteten skal marknadsførast som det han er og slett ikkje øydeleggast av helikopterverksemd, skriv Naturvernforbundet mellom anna i fråsegna si til Ørsta kommune.

Konklusjonen frå Naturvernforbundet er elles tydeleg:

Naturvernforbundet ber om at søknaden blir avslått. Vi tillet oss å foreslå at søkjar i staden får lov å lande i same område som dei den 11.12.2007 fekk løyve til våren 2008, bortsett frå Sætretindan som ligg i viktig friluftsområde.

For friluftslivet sin del er fredagen å sjå på som helg for mange. Helikopterverksemda bør såleis avgrensast til perioden måndag-torsdag. Vidare kan det vere uklårt kva påskehøgtida i praksis er. Viss ein er samde om at fredag 3.4. til og med måndag 13.4. er påskehøgtid og helikopterfritt i alle fall, så er det grei avgrensing.

Blir det gitt løyve som gjeld søraustsida av Hjørundfjorden er klage frå Naturvernforbundet pårekneleg.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet til Ørsta kommune

Søknad frå Fri Flyt til Stordal kommune

Stordal kommune ber Naturvernforbundet om fråsegn

Fråsegn frå Naturvernforbundet til Stordal kommune

Stordal kommune sitt avslag til Destinasjon Ålesund og Sunnmøre sin søknad

Løyve frå Stordal kommune til Fri Flyt for 2009

Sykkylven kommune sitt avslag til søknaden frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre

Klage på løyve til Fri Flyt i Stranda kommune

Fråsegn til søknad frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre

Stranda kommune sitt løyve til Fri Flyt i 2009

Søknad til Ørsta kommune frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre

Ørsta kommune – Landingsløyve for Aalesund Skiklub – februar 2008

Ørsta kommune – Oversendelse av klage på landingsløyve for Frost Media – april 2008

Ørsta kommune – Landingsløyve for Frost Media – mars 2008

Ørsta kommune – Landingsløyve for Frost Media – mars 2008 – X2