Ny veg mellom Astad og Fursetfjellet?

Det går jo alt veg på den strekninga. Kva er behovet?

Mellom Astad og Bjerkeset i Gjemnes går det i dag veg, med asfalt, gulstripe og sykkelveg, kva skal vi då med ny veg? Det må då dreie seg om eit behov for noko i framtida.

I den framtida Naturvernforbundet kan sjå inn i, ser vi eit behov for å halvere trafikken. At trafikken aukar eller minkar er det faktisk politikarane som kan bestemme. Klima og natur treng noko heilt anna enn ein ny veg som fører til meir trafikk.

Fråsegna frå Naturvernforbundet om kva som bør greiast ut finn du nedanfor.

Foto: Øystein Folden. I Gjemnes er det ikkje fjellskrentar som vegen er planlagt gjennom.