Nye konsesjonar i oppdrettsnæringa – Staten tenker avgiftskroner og naturen svarar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Historia globalt og nasjonalt er full av eksempel på at naturlova ofte knuser det menneskeskapte som skiplar balansen. Slik sett er difor ikkje dei voldsame mengdene med lakselus noko sensasjon. Det er konsekvensen av ei overetablering av lusvertar i form av tamlaks. Det er no 300 millionar tamlaks i sjøen. Til samanlikning er det berekna eit innsig på 400.000 villaks til våren. Mauren er ein nyttig samspelar for mange arter i skogen. Moder jord synest godt om mauren. Alle i samfunnet burde ha studert eit maursamfunn inngåande. Meir komplisert er det kanskje ikkje. Æsops fablar på sengekanten og gammal O – fag undervisning frå barneskulen er ikkje å forakte. Tek ein ut for mykje naturressursar av eit økosystem eller endrar sjølve balansa i systemet, vil det oppstå eit kollaps i næringskjedene. Desse kjedene er heilt sentrale i eit fungerande økosystem. Sjølve pulsåra. ”Dei opprinnelege verdiane kjem att som avfallsprodukt i staden for å vere ressurs ved utpining av ressursgrunnlaget”. Det var Nobelprisvinnaren Trygve Haavelmo sine ord. Haavelmo var økonom, men han var og ein ivrig friluftsmann og økologisk interessert person.

Slike overlappande tankar mellom økonomi og naturarva trengst det fleire av i vår noverande blårussprega samfunnsstruktur. Norsk lakseoppdrett i Chile vart eit avfallsprodukt for andre enn statseige selskap og John Fredriksen, og det kan snart skje eit liknande kollaps langs heile norskekysten. Teknologi og logistikk i samsvar med stadig produksjonsauking både på landjorda og på havet, er elles ei gåve som lett vert ei allmenn plage ved misbruk. Det var David Thoreau klar over i 1845,og her heime vart Mikkjel Fønhus talsmann for dei nedarva naturlovane i 1916. Rolf Jacobsen nemnte det same med meir urbane auge i 1937. Trur nok dei tre skjønte mauren temmeleg godt. Noko må skje i næringa i åra framover. Det som må skje er at næringa vert ein samspelar med økologien og dei tilhøyrande prosessane som har sine nedfelte syklusar. Visst ikkje vert næringa til slutt ein uvitande maur innanfor ei voldsam naturlov som tek att. Koloniseringa og ressursutvinninga på Prærien i sambandsstatane bør vere eit VARSKO HER! Kun 3% av desse enormt verdefulle grasslettene er no att som opphavleg naturtype. I 1800 var det estimert 40 millionar bison på slettene. I 1900 var det 200 dyr att. Naturen har ikkje kjensler for dumskap, som ofte heng forbausande tett saman med profittmaksimering og børsvesen gjennom generasjon etter generasjon. Nei, naturen likar utvilsamt betre sine eigne økobalanserte maur.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar, Bernt Gjelsten

Bernt Gjelsten er leiar i Naturvernforbundet i Vestnes, han har telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Uttale frå Fagrådet for forvaltning av laks og aure i Eira, Aura og Visa

Informasjonsskriv – ivaretakelse av hensynet til vill laksefisk ved behandling av søknader