Nye kraftverkplanar i Stranda – Naturvernforbundet er kritisk
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt fråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat i samband med at det er planlagd tre nye småkraftverk i Stranda.
Naturvernforbundet er generelt kritisk til kvaliteten på dei samla vurderingane av naturmangfald. Naturvernforbundet viser også til dei negative røynslene med store terrengskader frå utbygging av småkraftverk.
Til dei konkrete forslaga har Naturvernforbundet desse merknadene:
Røyrhus kraftverk
Denne søknaden vurderer Naturvernforbundet som lite konfliktfylt.
Langedalselva kraftverk
Naturvernforbundet er sterkt usamd i at fleire delar av Langedalselva skal byggjast ut.
Hauge kraftverk
Av omsyn til store landskapsverdier og biologisk mangfold må vi rå frå at Hauge kraftverk får konsesjon.
Storfossen kraftverk
Dette prosjektet har Naturvernforbundet ikkje vurdert.