Nye retningslinjer – mindre motorferdsel?

Naturvernforbundet ønskjer at leigekøyring er ordinær løysing for transport.

Det er den totale mengda av motorferdsel som er avgjerande. Ein avgrensa motorferdsel med kraftig nyttepreg vil dei fleste kunne godta. Stort omfang der nyttepreget er svakare vil føre til konflikt.

For å unngå at skuteren står i tunet og brenn etter å bli bruka, ønskjer difor Naturvernforbundet at leigekøyring skal vere den ordinære ordninga. Naturvernforbundet ber også om at løypekøyring skjer på grunnlag av ein kommunalt vedtatt løypeplan. Det er viktig at det finst område i kommunen der det unnataksvis er motorferdsel.

Saka var elles mangelfullt utgreidd frå kommunen si side. Bakgrunnsdata, statistikk og vurderingar etter naturmangfaldlova var mellom det som mangla.