Nye runder om setjefisk i Valsøybotn

Setjefiskanlegget i Valsøybotn i Halsa har tidlegare vore i fokus, m.a. etter tørrlegging av vassdrag utan løyva. No har det kome søknad frå Lerøy Midnor AS om utviding av anlegget. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er litt skeptiske etter røynslene med anlegget frå 1990-talet.

Manglande vatn har fleire gongar ført til løysingar som etter det vi veit har mangla løyve. Dette gjeld tiltak både i Reinslivatnet og Botnavatnet/Sandåa. Eigarane av fiskeverksemda har tatt seg til rette, nærast med trugsmål om at viss dei ikkje gjer det så døyr fisken. Hovudårsaka har så langt Naturvernforbundet veit vore større produksjon enn det vassressursane skulle tilseie.

Naturvernforbundet krev no at det må dokumenterast at vasstilgangen ved lovlege tiltak er tilstrekkeleg også i tørre år, med gode marginar.

Auka produksjon vil også gi auka utslepp. Dette må også undersøkast nærare, meiner Naturvernforbundet.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal