Nye søknader på gamle avslag – utidig bruk av ressursar

Ein del småkraftsaker blei avslått for få år sidan. Det er ikkje nye søknader i desse elvene som hastar mest.

Øystein Folden
Øystein Folden

Dei siste åra har ikkje vore så lønsame for ein del av småkraftverka. Mykje utgifter som skal betalast med straum levert om sommaren har stoppa interessa for å bygge nye småkraftverk. Til no. No ser vi at det kjem nye søknader og søknader på prosjekt som har vore avslått før.

Når det har vore avslag for nokre få år sidan, er det etter Naturvernforbundet si meining utidig å søke på nytt. Det er heller bruk for å gjere ein del etterundersøkingar for å finne ut korleis alle småkraftverka har påverka vassdragsnaturen vår dei siste åra. Dessutan ta vare på dei verdiane som er igjen.

Difor har Naturvernforbundet sendt eit brev til NVE med bøn om å avslå slike søknader før mange har bruka tid og ressursar for å stoppe dei ein gong til. Brevet kan du lese her.