Nytt lokallag av Naturvernforbundet

Gratulerer, Averøy og Kristiansund. No har de fått lokallag av Naturvernforbundet.

På same måten som i Ålesund der Sula og Giske er med i same lokallag har fylkeslaget tilrådd felles lokallag for Averøy og Kristiansund. Utan eit samarbeid har det lett for å bli slik at kommunane rundt ikkje får til å lage lokallag sjølv, og då er eit samarbeid betre.

Lokallagsarbeidet er eit ubetalt arbeid. Dei som gjerne vil at noko skal skje må difor vere med litt sjølv for å få det til, men no er det altså mogleg. Dei som ikkje er medlemmer frå før kan melde seg inn på www.naturvern.no, og kontakt med lokallaget får ein på kristiansund@naturvern.no

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ønskjer lukke til!

Øystein Folden