Nytt sjukehus i Molde: Naturvernforbundet vil ha miljømål
Styret i Helse Nordmøre og Romsdal blir no utfordra til å sette ambisiøse miljømål for planlegging, utbygging og drift av eit nytt sjukehus. Naturvernforbundet i Molde meiner dette er viktigare enn spørsmålet om lokalisering og talet på sjukehus på Nordmøre og i Romsdal.
Bygging og drift av sjukehus har ei rekke miljøkonsekvensar. Sjukehusa nyttar ei lang rekke helse- og miljøfarlege stoff. Dei har omfattande transportverksemd og energibruken kan vere høg. Alle desse faktorane er det mogleg å gjøre noko med gjennom god planlegging og gode tiltak.
Naturvernforbundet ønskjer difor at det no blir sett klare mål for energibruk, klimagassutslepp, transport, handtering av helse- og miljøfarlege stoff, avfallshandtering, innkjøp, byggjematerialar og byggjeprosess i samband med utbygginga av nye Molde sjukehus.
Naturvernforbundet ønskjer også at det blir etablert eit system for å følgje opp desse måla og rapportere om oppnåinga av dei. Dette systemet må også omfatte dei delane av Helse Nordmøre og Romsdal HF som ikkje er omfatta av sjukehusutbygginga i Molde.
Det å ta miljøomsyn er noko alle sektorar må gjere, også sjukehussektoren. Alt arbeid med miljø må vere forankra i leiinga. Leiarar som sjølve går foran med eit godt eksempel, og som viser at miljø er prioritert, aukar engasjementet og forståinga i resten av organisasjonen. Difor rettar Naturvernforbundet utfordringa si til styret i Helse Nordmøre og Romsdal HF.
Leiar i Naturvernforbundet i Molde er Astrid Buset. Ho har telefon 48 27 67 98.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet