Økoløftet – Naturvernforbundet oppmodar kommunane til å bli med
Økologisk mat er bra for jord, klima og helse. Kommunane er viktige aktørar i miljøarbeidet. For å auke produksjonen av og etterspurnaden etter økologisk mat, er det starta ein kampanje for å få til eit kommunalt «økoløft». Naturvernforbundet oppmoder no alle kommunane i Møre og Romsdal til å melde seg på.
Prosjektet «Økoløft i kommuner» blei nyleg etablert i eit forsøk på å nå målet om at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2015. Det er Statens landbruksforvaltning som driv prosjektet. Dei kommunane som åleine eller i eit nettverk ønskjer å gå foran i økomat-arbeidet kan få støtte derifrå.
I Møre og Romsdal står det økologiske landbruket sterkt i nokre kommunar, og etterspurnaden etter økologisk mat aukar raskt. Økologisk mat er produsert med lågare forureining og lågare klimagassutslepp enn annan mat. Difor er det viktig å sikre at meir av matproduksjonen og meir av matforbruket vårt blir økologisk. Med litt drahjelp frå kommunane kan denne utviklinga gå fortare.
Dei kommunane som ønskjer å melde seg på, må gjøre det innan 15. oktober 2007. Så langt har ingen kommunar frå Møre og Romsdal meldt seg, men Naturvernforbundet vil gjerne oppmode flest mogleg til å bli med.
Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42.
Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Jeg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen