Økologisk skulefrukt – berre for sunnmøringar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Økologisk skulefrukt – berre for sunnmøringar?

Fylket sende 15. februar ut ei gladmelding: Skolane på Sunnmøre var dei første i landet som fekk tilbod om eit økologisk alternativ i skolefruktordninga.

Skulefruktordninga er eit viktig tiltak. Frukt og grønt er gode mellommåltid for store og små. Når elevane samstundes gjør ein innsats for å redusere forureininga frå og giftbruken i landbruket gjennom å spise økologisk frukt blir vinsten enda større. Vi i Naturvernforbundet er glade for dette tiltaket. Vi har berre eit spørsmål: Kvifor kan ikkje skuleelevar i Romsdal og på Nordmøre også få tilbod om økologisk skulefrukt?

Det er sjølvsagt farleg å ta opp denne saka. Lang erfaring med fogderistrid har vist oss at løysinga ofte blir minste felles multiplum: ”Kan ikkje vi få økologisk skulefrukt, skal ikkje dei heller få det.” Dette er ikkje den løysinga Naturvernforbundet ønskjar seg. Vi unnar skuleelevane på Sunnmøre å halde fram med å spise økologisk, og vi vonar dei tek med seg denne vana heim også.

Det hadde likevel vore bra om også dei andre elevane i fylket fekk dette tilbodet. Når kan dei få det?

Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal