Oljealderen på hell – debattmøte i Hovdebygda

Toppen er nådd – korleis skaffar vi energi i framtida? Naturvernforbundet i Ørsta og Volda inviterer til debattmøte i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda tysdag 15. november kl. 1930.

Olav Hauso held innleiingsføredrag og syner dokumentarfilmen «Peak Oil: -Imposed by nature»

Paneldebatt ved: Elling Dybdahl (Tussa kraft), Kari Redse Håskjold (Noregs bondelag), Øystein Solevåg (Norges Naturvernforbund) enno ukjend (Ørsta el. Volda kommune, politisk el. administrativ leiing)

Smakebitar av lokal mat i pausen.

Utdeling av lokal miljøpris

Inngangspenger: 30 kr



Lekkjer til filmomtale: http://www.peakoil-imposedbynature.com/ http://www.postcarbon.org/store/imposedbynature



Innleiar sitt samandrag

Olav Hauso

Energimøte 15.november 2005

Den andre halvdelen av oljealderen nærmar seg.

Det siste året har det vore ein del diskusjon om bensin- og dieselprisane. Men som vanleg har denne kokt ned til krangel om avgiftsnivået. Kva som ligg attom dei aukande prisane, har i liten grad vore framme i ordskiftet.

Tilstanden i oljemarknaden er no slik at det er akkurat nok utvinning til å dekkje etterspurnaden. Det finst ikkje reservekapasitet nokon stad, alle pumpar for fullt.

I denne situasjonen er det to urovekkjande moment:

Verdsproduksjonen av olje nærmar seg det punktet då han i staden for å auke, vil ta til å minke år for år, og vil fortsette med det for all framtid. Dette skjer når om lag 50 % av oljen er utvunnen, og er ein geologisk realitet som vi må ta innover oss. Ingen politiske middel kan endre på dette.

Etterspunaden held fram med å auke, spesielt frå land som er inne i ein industrialiseringsprosess (Kina, India, Aust-Europa).

Desse to forholda fører til at det i løpet av kort tid (< 10 år) vil bli eit dramatisk gap mellom tilbod og etterspurnad. Prisen på olje vil gå opp, truleg vil vi sjå både dobling og tredobling i løpet av få år. Dette vil igjen få dramatiske verknader på verdsøkonomien, og vi vil måtte stille spørsmål som:

– Kva energikjelder skal dekke bortfallet av olje? – Kan vår noverande økonomiske modell halde fram? – Kva skjer med matproduksjonen i verda? – Kva skjer med globaliseringa? – Korleis kan ein planleggje lokalt for ein slik situasjon?

På møtet vil kortfilmen «Peak Oil – Imposed by Nature» bli synt. Denne tek opp problema kring uttøminga av oljeressursane.

Det at vi passerer toppen av oljeutvinninga («Peak Oil») vil få konsekvensar for alle, ikkje berre bilisten ved bensinpumpa. Såleis skulle emnet famne eit breitt publikum, og det er mi von at dette møtet kan skape auka forståing og starte ein naudsynt debatt om energiutfordringane i framtida.