Oljevern og oljesøl

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Debatten går om det skal leitast etter olje utanfor Lofoten. Det er nærast ein variant av om det skal borast i fjøresteinane på Mørekysten.

Det er skip som slepp ut olje som skader miljøet, blir det sagt. Oljeverksemda har til no ikkje slept ut olje som har nådd land. Det er ikkje mangelen på utslepp som er årsaka til det, men heller avstanden til land. Å hevde at 40 år utan at slik olje har nådd land er ein garanti for at det heller ikkje vil skje i framtida er vel nærast som å ha bruka ein sokk eit par månader og så konstatere at sidan det ikkje har gått hol på han endå så vil det ikkje gå hol på han nokon gong.

Det er mykje som talar mot oljeutvinning utanfor Lofoten (og nær Mørekysten). Etter kvart som olja er tatt opp vil dei skvettane som er att bli sjeldne, så sjeldne at dei med fordel kan setjast på museum, eller uopna på havsens botn for å vere heilt nøyaktig. Naturkvalitetane i dette området er betydelege både på land og i sjø, og risikoen for å skade nokre av dei viktigaste fiskeressursane i stor eller litt mindre grad bør vere nok til at oljenæringa held seg unna. Men oljenæringa er som bortskjemde ungar, dei har brukt å få det dei peikar på og tålar ikkje eit nei.

Eg har vore i Langesund eit par gongar no i haust og tørka opp olje frå tilgrisa strender. Der er det 120 km med svarte strender og jobb i alle fall fram til jul. Likevel vil ikkje alt bli som før. Det kunne ha vore drabeleg interessant å ta nokre diskusjonar om oljeverksemda og miljøspørsmål over noko arbeid i fjøresteinane der litt ut i oktober. Eg utfordrar med dette Olav Bratland, Harald Tom Nesvik og Else-May Botten til å melde seg til ei veke med opplæring og praktisk arbeid med oljesanering i fjøresteinane så vi kan få gjennomført desse viktige samtalene. Sidan det var Arnt H. Wærnes som skreiv noko som sette meg på tanken kan han også få utfordringa.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden spar oljesøl i Langesund