Oppdretsanlegg i Storfjorden
Storfjorden fortener betre enn dispensasjonar på sviktande grunnlag. Naturvernforbundet er djupt uroa over planane om å etablere eit nytt oppdrettsanlegg ved Dyrkorn i Storfjorden.

Storfjorden fortener betre enn dispensasjonar på sviktande grunnlag
Ålesund, 9. juni 2026
Naturvernforbundet er djupt uroa over planane om å etablere eit nytt oppdrettsanlegg ved Dyrkorn i Storfjorden.
Saka handlar om langt meir enn eitt enkelt anlegg. Ho handlar om korleis vi forvaltar ein av dei mest verdifulle fjordane våre, korleis vi tek vare på naturmangfaldet, og om innbyggjarane sine stemmer faktisk blir høyrde når store interesser ønskjer å etablere seg.
Det er verdt å merke seg at kommuneadministrasjonen i Fjord kommune ved begge behandlingane av saka tilrådde avslag. Grunngjevinga var klar: Det er stor usikkerheit knytt til miljøkonsekvensane, teknologien er ikkje prøvd ut i full skala, og saka burde vore behandla gjennom ordinære planprosessar med brei medverknad og grundige konsekvensutgreiingar – ikkje gjennom dispensasjon.
Også fleire faginstansar har peika på at arealbruken bør avklarast gjennom den pågåande sjøarealplanlegginga for Storfjorden. Dette er eit syn Naturvernforbundet deler. Når det finst ein planprosess som skal sikre heilskaplege vurderingar av natur, miljø, fiskeri, friluftsliv og lokalsamfunn, er det uheldig å opne for dispensasjonar før planarbeidet er ferdig.
Vi reagerer særleg på at saka gjeld eit område der det er peika på verdiar knytte til villfisk, friluftsliv og marint naturmangfald. Kommunedirektøren peika sjølv på usikkerheit rundt utslepp, påverknad på vassmiljøet, konsekvensar for naturmangfaldet og nærleiken til anadrom fisk. Når kunnskapen er usikker, skal føre-var-prinsippet gjelde.
Naturvernforbundet er ikkje mot utvikling eller ny teknologi. Tvert imot treng vi løysingar som reduserer miljøbelastninga frå oppdrettsnæringa. Men nettopp fordi dette blir presentert som ny teknologi og eit pilotprosjekt, er det ekstra viktig med grundige vurderingar av risiko og konsekvensar før etablering.
Like viktig er omsynet til lokaldemokratiet. Ei rekkje innbyggjarar på Dyrkorn har gjennom heile prosessen uttrykt motstand mot plasseringa av anlegget. Mange opplever at dei ikkje har blitt tekne på alvor. Statsforvaltaren måtte til og med gripe inn for å slå fast at innbyggjarane hadde rett til å få klagen sin behandla. Dette bør vere ei påminning om kor viktig det er å sikre reell medverknad i saker som får store konsekvensar for lokalsamfunnet.
No ligg saka hos Statsforvaltaren for endeleg vurdering. Naturvernforbundet forventar at naturomsyn, føre-var-prinsippet og behovet for heilskapleg planlegging blir tillagt stor vekt.
Storfjorden er ein felles ressurs. Han skal forvaltast med omsyn til naturen, lokalsamfunna og kommande generasjonar – ikkje gjennom dispensasjonar som skaper tvil om både kunnskapsgrunnlag og prosess.