Oppdrett i Sunnmørsfjordane og Romsdalsfjorden – Ei miljøskandale

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Ein må tru at utsleppa frå all biomassa i form av oppdrettsfisk og spreiing av forrestar og fosforutslepp over tid, er moglege årsaker til det som kan vere ørkenliknande tilhøve nede på sjøbotnen, mellom Skorgeneset og over fjorden til Daugstad i Tresfjorden. Det vert fleire stader sagt at avføringa frå all levande biomasse i eitt oppdrettsanlegg kan samanliknast med gigantiske kloakkutslepp. Heile tida snakkar oppdrettarane og talsmenn for havbruksnæringa om kor viktig miljøtiltak og økosertifisering er i deira næring. På samme tida er fjordar og vassdrag år etter år utsett for massive påslag av parasittisk lakselus og store mengder rømt fisk med genetisk forureining som resultat. Oppdrett kan nok kallast miljøvennleg, men ser ein på alle ringverknadene i økosystema vert det aldri reellt miljøvennleg. Det er ein konstruert bløff. Oppdrett i dagens form er rett og slett eit brotsverk mot økosystema i naturen, mot fattige folk sitt næringsgrunnlag ute i verda, og næringa øydelegg diverre den kulturarva som elvefisket er i mange bygdelag.

Staten må beint fram vere styrt av rein korrupsjon og lite etiske bindingar sidan den som lovpåleggande maktorgan ikkje tek tak i denne svartedauden for villfisken på nasjonal basis no. Forskingsresultata over tid er eintydige. Oppdrett er ei fagleg dokumentert miljøskandale på Vestlandet. Sjukdomsutbrudda og luseplaga i fjorden kan sjåast på som ei overetablering over tid som det marine økosystemet avviste. Nok er nok i naturen. Der er det grenser for kor langt ein kan gå før ting slår attende. Difor måtte oppdrettarane i Romsdalsfjorden samarbeide med Mattilsynet om å sanere og brakklegge produksjonen førre året. Tidlegare var det tvangsslakting i Storfjorden. Industrien og jordbruket rydda opp via lovpålegg på 1970 og 80 – talet. Denne næringa svarar med å drive storstilt ansvarsfråskriving på 2000 – talet. Det er beint fram latterleg å høyre og sjå talsmenn og kvinner i næringa, når ein sjølv erfarer ringverknadene av drifta år etter år. Ein må lure på om oppdrettarane i Romsdalen, på Sunnmøre, og i Norge generelt ikkje eig ein alminneleg skamfølelse?

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar, Bernt Gjelsten

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen