Oppdrettsnæringa og leppefiskforvaltninga

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Naturvernforbundet blir ønskt velkomen etter av Fiskeri og havbruksnæringas landsforening (FHL) når det gjeld spørsmålet om forvaltninga av leppefisken. Gode ønske seier vi takk for. Kan hende er det like greitt å gå gjennom rollene når det gjeld leppefiskforvaltninga?

Loven om naturmangfold § 6 seier: «Enhver skal opptre aktsomt og gjøre det som er rimelig for å unngå skade på naturmangfoldet i strid med målene i §§ 4 og 5.» § 5 seier at «Målet er at artene og deres genetiske mangfold ivaretas på lang sikt og at artene forekommer i levedyktige bestander i sine naturlige utbredelsesområder. Så langt det er nødvendig for å nå dette målet ivaretas også artenes økologiske funksjonsområder og de øvrige økologiske betingelsene som de er avhengige av.»

Så langt har oppdrettsverksemda og deira tenarar fiska leppefisk i bøtter og spann. At dei ser det held på å gå gale er i seg sjølv interessant. Men i staden for å stoppe opp renn dei til Fiskeri- og kystdepartementet for å få dei til å gjere undersøkingar. Truleg vil det bli gjort undersøkingar som fortel at fangsten av leppefisk ikkje kan halde fram som no. Det får vi sikkert vite når skaden alt har skjedd. Omlag det same har skjedd med fleire artar som fiskeindustrien har drive fangst på. Det skulle strengt tatt ikkje vore nødvendig at Naturvernforbundet sa noko om denne saka. Oppdrettsnæringa skulle sjølv ha stoppa fisket og gjort dei undersøkingane som er nødvendig før dei tar opp igjen fisket, og då gjere det ut frå kva bestandane vil tåle, og med god margin. Det er føre var-prinsippet i praksis.

Det står i grunnen mykje interessant i naturmangfoldsloven. Mellom anna i § 11: «Tiltakshaveren skal dekke kostnadene ved å hindre eller begrense skade på naturmangfoldet som tiltaket volder, dersom dette ikke er urimelig ut fra tiltakets og skadens karakter.»

Så langt har oppdrettsnæringa i stor grad hausta overskot så det held, og naturen har betalt alt for mykje. Det er på tide at oppdrettsnæringa tar ansvar dei også.

Øyvind A. Haram i FHL meinar at tiltaka mot lakselusa har hatt effekt. Ein kan sjølvsagt tenkje seg korleis det ville ha vore utan tiltak. Men trass i stor ekstrainnsats dette året har ein oppnådd at lusetala utover sommaren når dei same høgdene som forrige år. Lusa har utvikla resistens mot fleire av lusemidla og oppdrettsnæringa har vore nøydd til å bruke middel som gjer at fisken utanfor mærene må gå i reint vatn i fleire månader før han er trygg å eta. Næringa har sanneleg utfordringar dei må løyse.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal