Oppfølging av forureiningssak i Haram
Naturvernforbundet har mottatt tips om ein mogleg ureiningssak i Haram kommune. Etter manglande respons frå kommunen, ber Naturvernforbundet Fylkesmannen om å vurdere saken.
![](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2018/10/gjC3B8dsellager.jpg2028articledisplay29.jpg)
Naturvernforbundet mottar med ujamne mellomrom tips om forureining.
Det er ikkje alltid Naturvernforbundet kan undersøke slike saker sjølv.
Då sender Naturvernforbundet saken til kommunen, som har plikt og verktøy til å undersøke og eventuelt krevje opprydding.
I april 2018 sendte Naturvernforbundet eit slikt tips til Haram kommune.
Kommunen har plikt til å svare på slike henvendingar, manglande svar gir ÅRIM rett til å klage vidare til Fylkesmannen.
I oktober 2018 hadde Naturvernforbundet ikkje fått svar frå Haram kommune, saken er difor sendt vidare til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.