Oppfølgingsspørsmål frå Naturvernforbundet

Svar på epost til Arnfinn Bye 21. desember 2009.

Viss folk flest skal kaste brødposen i papiravfallet må det faktisk stå på posen noko i retning: «Heile posen skal avfallsmessig sorterast som papir». Utan ein slik tekst vil minst 95% av forbrukarane vere i tvil om kva dei skal gjere. Då vil for det første ein god del av dette bli brent framfor resirkulert, noko som fører til auka klimagassutslepp framfor når papiret og plasten blir resirkulert. For det andre vil ein del i frustrasjon prøve å resirkulere dette etter eige hovud, og då blir det ofte ein del tull når det hamnar i feil fraksjon.

Så difor spør eg om de i framtida kjem til å trykke på posen ein tekst som seier korleis posen skal sorterast som avfall?

Framleis kan eg tenke meg å få vite kor mange tonn med papir og plast som går med til denne brødembalasjen i løpet av eit år. Når de har tala, let det seg gjere å rekne ut skilnaden på CO2-utslepp med og utan resirkulering. Det bør jo vere interessant i våre dagar. Om ikkje dette akkurat kan nyttast i reklamen vil det jo vere godt å vite at ein bidrar der ein kan. Stoltenberg og dei andre treng visst litt hjelp frå heilt alminnelege folk viss ikkje våre barnebarn skal arve ein skraphaug.

Med helsing

Øystein Folden