Oppsummert slåttedugnad 2012 på Vollasetra i Sunndal

Naturvernforbundet har ein sommartradisjon med slåttedugnad på Vollasetra i Sunndal. Dette har positive verknader på naturen i området, og vi bli vidareført også i åra framover.

Slåttedugnaden er eit samarbeid med Forum for natur og friluftsliv.

Fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har oppsummert slåttedugnaden i 2012 i ein rapport. Han har vald å legge i litt arbeid både med omsyn til artsobservasjonar og rapportering, det vil vere teneleg med såpass detaljert dokumentasjon når ein vil evaluere skjøtselen, og ikkje minst dra erfaringar frå dette prosjektet over på andre prosjekt som kan bli aktuelt i vår region