Ormen Lange

Foredrag av Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, mars 2004.

Kva er det med vår generasjon som gjer han så spesiell? For det må vere noko spesielt! Det blir snart gjort eit vedtak om å tøme nok eit gassfelt på havsens botn. Vi skal bruke opp gassen i løpet av nokre få tiår. Gassen som det har tatt millionar av år å danne. Kva er det med vår generasjon som gjev oss rett til dette – til å bruke opp ressursar som våre barnebarn ikkje kan velje om dei vil bruke sin del av? Det er ille når dei store stel frå dei som er så små at dei ikkje kan ta att. Er det noko betre når vi forsyner oss av det som høyrer dei neste generasjonane til? Dei er ikkje fødde enno, og kan ikkje ein gong seie frå!

Eller er det så at de som avgjer saka veit at verda går under innan kort tid, og at det ikkje kjem fleire generasjonar? I eit slikt perspektiv får vi halde fram med festen, for då er det ingen blåmandag vi treng å ta ansvar for. Då er det berre å stå løpet ut, søppelhaugen og rekningane for miljøøydeleggingar kan vi berre sende vidare til dei som ikkje kjem etter oss. Og de som leiar festen gjer vel best i ikkje å seie noko om at verdas ende er rett rundt hjørnet.

Naturvernforbundet har sagt greitt i frå: Tempoet på olje- og gassutvinninga er alt for høgt. Set ein propp i holet, gassen er mest verdfull der han er, og seinare generasjonar kan også kome til å trenge gass.

Når det blir argumentert med at næringslivet treng meir utbygging no, så er det å sjå omlag like langt som nasetippen. Så lenge det brukast meir ressursar enn det dannast på nytt, ligg det an til ein bråstopp ein eller annan gong. Vår generasjon har ikkje meir ryggrad enn at det må bli ein annan gong. Dei som kjem etter bråstoppen kan ikkje velje på same måten som oss. Dei må løyse sine problem på ein heilt annan måte. Det er mogleg dei får ei bankbok av oss, men dei får også eit ressursproblem, og dei får ein skraphaug og ei skakkøyrd verd. Kan vi vere stolte av å gje dei ein slik arv? Er våre behov for nye arbeidsplassar så viktige at det må gå føre? Naturvernforbundet meiner nei, om nokon er i tvil.

Utbygging er ikkje noko nytt. Ikkje er det nytt heller at det ligg att eit og anna etter at verksemda er avslutta. Arkeologane har funne mykje interessant det siste året etter dei første innbyggarane på Gossen. Avfallet etter den verksemda har vore meir spanande enn plagsom for oss som kom etter. Rett nok kostar det pengar å rote gjennom avfallet, men det er mest einaste ulempen. Når biletet blir teikna av kva dei første på Gossen gjorde, vil vi i det minste få sjå at dei løyste utfordringane utan at det gjekk noko større utover dei som kom etter. Det har vi grunn til å vere takksame for.

Framleis ligg det spor etter industriverksemd i nyare tid i dette området. Eventyrarar starta opp, det skjedde noko – men vart Gossensamfunnet mykje betre eller verre? Ikkje veit eg, men det enda med ein stopp og ein skraphaug. Arkeologane har ei framtid etter at dei er ferdige med steinalderen. Heller ikkje denne verksemda har lagt større hindringar for oss enn dei vi pålegg oss sjølve.

Kva vil så den nye industrien bringe Gossen? Vi veit i alle fall at det over halve fylket blir bygt store kraftliner som skal syte for at det kjem straum hit ut. Engasjementet i Gussiåsen er mykje større denne gongen til det som skjer på Gossen enn ved forrige industrieventyr. Det er mange som må betale med mindre trivsel og velferd for dette eventyret, og mange er på ingen måte klar over kva det vil koste.

Om ein del år vil utvilsomt også dette eventyret ende med ein stopp og ein skraphaug. Eg kan ikkje spå særleg mykje om dette, men eg vil gjette på at den skraphaugen er stor. Innan ein kjem dit har samfunnet på Gossen endra seg ein heil del. Verda ser vel og annaleis ut. Men sjølv om det er langt fram og mykje som er usikkert, så er det like greitt å ønskje lukke til med arbeidet som skal til for å førebu seg på den store bråstoppen som kjem. Få folket med alt no, det er mykje som skal gjerast. Og hugs – dei som skal over den kneika har ingen gass dei kan løyse problemet med.

I mellomtida ber vi ei bøn. Spar strandsona elles på øya! Om ikkje for anna enn at det kan vere ein fordel å halde seg godt på land viss havet stig nokre meter.