Over all forventning?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Avisa Møre kan melde om ”Eiksundtrafikk over all forventning”. Etter at meir enn halve verda har tala om klimaendringar siste året og at noko må gjerast er det interessant at forventningane er innstilte på ei høg trafikkauke. Det er kanskje derfor vi har eit klimaproblem. Før gjekk det ca. 800 bilar med ferja i døgeret. No køyrer det over 1700 bilar gjennom Eiksundtunnelen dagleg.

Når folk i den tredje verda svelt av tørke eine månaden og druknar i flaum den neste og så kjem til oss som klimaflyktningar, då bør vi huske det Eiksundgeneral Knut Nærø er sitert på: ”heilt utruleg”, ”svært imponerande” og ”kan ikkje bli betre”.

Noreg må redusere klimagassutsleppa med 80% dei neste åra. Utsleppa frå trafikken må meir enn halverast. Når vi ser at Eiksundsambandet fører til at biltrafikken aukar og kollektivtilbodet blir dårlegare, då er det nokon som ikkje har gjort jobben sin. Dette er å halde stor fest, i visse om at dei som kjem etter oss ikkje har nokon sjanse til å oppleve tilsvarande. Dette er usolidarisk, som å stele sukkertøy frå ungar.

Viss vi verkeleg vil gjere noko med klimagassutsleppa våre frå trafikken kan ein på denne strekninga køyre meir enn 20 bussar i kvar retning dagleg. Men då må det samtidig bli så dyrt å køyre bil i dei tidene det er buss at bilen stort sett står i garasjen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen


Eiksundtrafikk over all forventning

Mykje bilar passerar dagleg gjennom Eiksundsambandet. Trafikken er nær dobbelt så stor som førespegla før opninga.

Rykande ferske tal frå Bro- og Tunnelselskapet syner at trafikken gjennom Eiksundsambandet har vore formidabel sidan starten. Til og med ”Eiksundgeneral” Knut Nærø let seg imponere.

Før samferdsleminister Liv Signe Navarsete klipte snora og sleppte dei fyrste bilistane inn i Eiksundtunnelen 23. februar var det førespegla ein dagleg trafikk på om lag 1.000 bilar i sambandet.

Ikkje under 1.000 Ferja Eiksund-Rjånes frakta på det jamne 800 bilar i døgnet, og Statens vegvesen rekna med ei auke på om lag 30 prosent etter at fastlandsforbindelsen var eit faktum.

Dei fyrste 32 dagane har derimot 55.278 køyretøy passert bomstasjonen i Sørestranda, noko som gir eit gjennomsnitt på om lag 1.728 bilar dagleg. Ikkje ein dag har trafikken vore under 1.000 bilar. Det lågaste talet stammar frå søndag 23. mars, då berre 1.082 køyretøy passerte bomstasjonen.

Flest bilar passerte opningshelga, der det vart notert 3.591 passeringar laurdag 23. februar og 3.584 søndag 24. februar. Langfredag var tydelegvis ein populær utfartsdag, og det er den einaste dagen med over 2.000 passeringar etter opningshelga. Då vart det registert 2.253 køyretøy forbi bommen.

Overraska
”Eiksundgeneral” Knut Nærø kallar talmaterialet for ei fantastisk utvikling. ”Heilt utruleg”, ”svært imponerande” og ”kan ikkje bli betre” er passande beskrivingar som sit laust.

– Eg hadde personleg rekna med litt større trafikk gjennom sambandet enn det vegvesenet stipulerte, men sjølv eg må seie meg overraska over at det faktisk er så mange som brukar tunnelen. Dette stadfestar berre nok ein gong at det eg har kjempa for i alle desse åra er riktig, smiler han. Nærø legg til at det verkar som om brukarane av tunnelen er nøgde, og at dei gler seg over å sleppe ferje.

– No er det mykje lettare å kome seg til fjells for eksempel. Mange frå øyane nyttar høvet til å reise på Reset eller Bondalseidet for å gå på ski på fine dagar, forklarar han.



Publisert dato: måndag 31. mars 2008, klokka 18.17.42
Artikkelforfattar: Tore Aarflot
Synspunkt på artikkelen?: red@mre.no