Overløp og pengetrillarar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

”Taper halv million i døgnet på overløp” lyser mot oss i Aura Avis 26.9.07. Ein slik måte å sjå det på fortel oss om eit samfunn som tel alt i kroner og øre.

La oss glede oss over ein natur som stundom på trass av det vi har ordna til lar oss få sjå elver og landskap slik dei eingong var. Om pengetrillarane har tatt frå oss dette for år av gongen, så vil vi i alle fall glede oss over det dei få gongane det framleis let seg gjere.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal