Øystein Folden held fram som leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Øystein Folden (45) frå Tingvoll held fram som leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har vore leiar sidan 2002. Det er optimisme og vekst i Naturvernforbundet i fylket for tida.
Årsmøtet blei halde 20. mars i Molde, og oppmøtet var truleg det største på minst ti år. Det gjeld også auka i medlemstalet i fylket. Leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, innleia om klima- og energisituasjonen. Årsmøtet fekk ei orientering om energisituasjonen i Møre og Romsdal, og vedtok ein uttale om Langedalselva i Stranda.
Det nye styret i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er:
Leiar:
Øystein Folden (Tingvoll)
Kasserar:
Knut Løken (Molde)
Styremedlemmer:
Øystein Solevåg (Ålesund og omegn)
Gunn Morstøl (Rauma)
Olav Dahl (Haram)
John Ole Aarsæther (fritt grunnlag)
Jan Fredrik Laskerud (Sunndal)
Geir Helge Nilsen (Ørsta og Volda)
Anne Kjersti Folden (Natur og Ungdom)
Varamedlemmer:
Siw Berbu (Haram)
John Aasen (Rauma)
Odd Steinar Viseth (fritt grunnlag)
Astrid Buset (Molde)
Hildur Rødstøl (Ålesund og omegn)
Knut Festø (Ørsta og Volda)
Ane Marte Rognskog (Natur og Ungdom)
Øystein Folden er sjølvstendig næringsdrivande (anleggsgartnar). Han treffast på mobiltelefon 91 81 25 42. Det er også ofte mogleg å kontakte Øystein Solevåg på telefon 40 23 47 05 om Folden ikkje er tilgjengeleg.
Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Jeg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for å ta vare på naturen
Referat frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 20. mars 2006
Årsmelding 2005 – Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Revidert rekneskap 2005 – Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Presentasjonen til Lars Haltbrekken på årsmøtet
Bildet kan nyttast fritt. Oppgi fotograf.
Bildet kan nyttast fritt. Oppgi fotograf.
Bildet kan nyttast fritt. Oppgi fotograf.