På sølvfat?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Leiarartikkelen i Tidens Krav 10. januar fortel om det unike industriprosjektet på Tjeldbergodden som nokon må sjå til å applaudere for at det skal bli gjennomført.

Det kan godt hende at Ironman er eit godt prosjekt. Men det er eit stort prosjekt som skal konsekvensutgreiast, slik at ein kan vere viss på at heile prosjektet er eit bra prosjekt, og ikkje berre framsida av medalja. Møre og Romsdal slit til dømes ein del med eit par tidlegare svært gode prosjekt. Baksida av medalja der var at både Hydroutbygginga på Sunndalsøra og Ormen Lange trengte straum. Mykje straum. Den delen er ikkje løyst endå. Sjølv om 120 arbeidsplasser kan vere bra, er det lite truleg at folk flest i Møre og Romsdal klappar for eit nytt Tjeldbergoddenprosjekt utan at straumsida er løyst.

Men alle gode ting er tre, så det vil ikkje forundre Naturvernforbundet det minste om politikarane applauderer inn eit bra straumforbruk til Ironman også, utan å ha anna enn «det må jo løyse seg på eit vis» som svar når det gjeld straumen. Det er nokre andre sider ved saka også som i så fall får same løysing.

Programmet for konsekvensutgreiinga på dette prosjektet var på høyring med frist 2.10.2009. Alt den 29.10.2009 blei programmet for konsekvensutgreiinga fastsett av KLIF (tidlegare SFT). Neste ledd i dette prosjektet er at Ironman kjem med ein søknad for prosjektet i lag med konsekvensutgreiinga, og så skal denne på høyring før det eventuelt kan gjevast konsesjon. Ei slik konsekvensutgreiing bør vere mogleg å gjennomføre i løpet av eit år. Samfunnet venter på å få presentert svar på ei rad spørsmål om kva verknader dette prosjektet vil ha. Det er då ganske drygt at Ironman ikkje legg fram dette, men i staden klager seg over at myndigheitene ikkje kan avklare prosjektet.

At Tidens Krav overser dette er i grunnen handverk i ei klasse det ikkje er nokon grunn til å klappe for.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal