Parkering er sentralt?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

10 millionar skal nyttast til å få liv i Kristiansund sentrum. Då må folk kome til sentrum og då treng dei parkeringsplass, er visst første tanken.

Det er mange som framleis ikkje har fått med seg at vi må tenke nytt på ein del område. Transport krev energi. Energi gir ureining og skadelege klimaendringar. Altså må det nye samfunnet basere seg på kortare transport og færre som skal transporterast. Til slutt må dei som skal transporterast stort sett gå, sykle, eller reise kollektivt. Treng vi då fleire parkeringsplassar? Ikkje for bil i alle fall.

Naturvernforbundet skal ikkje meine for mykje om kva ein skal gjere i Kristiansund sentrum i framtida. Men viss svaret er at ein treng fleire parkeringsplassar, då er spørsmålet truleg feil. Jobb med sentrum, men tenk litt på kloden samtidig. Lukke til med dei gode løysingane!

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal