Pinglete samferdselspolitikk

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dei store byane i fylket har oppdaga at det blir kø etter vegane. Dei ønskjer seg fleire innbyggarar og innser at trafikken blir eit endå større problem i framtida. Dei same politikarane har fått i oppgåve å redusere utsleppa av klimagassar. Men to oppgåver samtidig ser ut til å bli vel mykje for mange politikarar.

Dei nasjonale rammene tilseier at aukande trafikk i framtida skal løysast med fotgjengarar, syklistar og med kollektivtrafikk. Biltrafikken skal ikkje auke, heller bli redusert. Midla for å få til det er oversiktlege nok.

Kollektivtrafikken må ha eit godt tilbod. Bussen må køyre forbi bilkøen, han må gå ofte og til den tida som er oppsett. Det tyder at det må til eige køyrefelt for bussen i alle fall på ein del strekningar. Når folk sit i bilkø og ser at bussen køyrer fortare, aukar det motivasjonen til å ta bussen.

Det må vere litt tungvint å parkere. Når det er vanskeleg å finne parkeringsplass og det kostar ein del pengar, då er det fleire som ser på bussen som eit godt alternativ.

Kostar det i tillegg nokre kroner for å ta med seg bilen inn i sentrum, hjelper det også på. Det er desse pengane som gjer det mogleg å få til kollektivfelt, gangvegar og sykkelvegar.

Desse tre grepa veit vi løyser problema.  Utan desse grepa blir ikkje problema løyste.

Kva får så bilistane for bompengane? Dei slepp auka trafikk og kan altså køyre inn i byen når dei har behov for det. Det er eit tilbod som er verdt nokre kroner.

Kollektivkøyrefelt, dyrare og færre parkeringsplassar i sentrum og bompengar krev nokre politiske vedtak. Men det gir altså samferdselsløysingar som gjer at trafikken fungerer, og det er eit godt grunnlag for at klimagassutsleppa går ned.

Fleire køyrefelt for bilar har den verknaden at det kjem fleire bilar, og bilane blir ikkje borte når dei kjem til enden av vegen. Rekninga må bilistane betale i alle fall. Dessutan går klimagassutsleppa opp. Dei som vil vere politikarar også i framtida bør slutte med slike gamaldagse løysingar.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal