Plan for naturmangfald

Ein plan kan vere vel og bra. Spørsmålet er om planen fører til handling.

Surnadal kommune skal snart vedta sin kommunedelplan for naturmangfald. Det er mykje naturmangfald i Surnadal, og dette må passast på. Om ingen passar på stadig vekk, så blir det borte litt etter litt. Munningen av Surna er eit døme på det.

Det Naturvernforbundet saknar aller mest er konkrete tiltak som nokon skal gjere. Det er nødvendig med handling, skal naturen overleve.

I fråsegna frå Naturvernforbundet kan du lese meir.