Planar om fleire vasskraftutbyggingar i Rauma og Nesset – fråsegn frå Forum for natur og friluftsliv

Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Møre og Romsdal har på vegne av medlemsorganisasjonane gitt ei fråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat til planane om utbygging av 12 nye småkraftverk i Rauma og Nesset.

FNF har gitt ein omfattande uttale, med nokre overordna kommentarar om nedbygging av vassdragsnatur generelt.

Vidare kommenterer FNF kvar enkelt søknad og gir nokre råd:

Skorgeelva kraftverk:

Viss det blir sett vilkår om at utløpet blir flytta ovanfor vandringshinderet og at det blir sett ei minstevassføring, har vi ikkje vesentlege merknader til søknaden. Når det gjeld plassering av inntakspunktet så vil vi avvente kva vi meiner om dette til etter synfaringa. Det kan godt vere at vi kome attende til eit meir utfyllande synspunkt knytt til biologisk mangfald etter sommaren (synfaring).

Tverrberget kraftverk:

Ut frå landskapsomsyn, friluftsliv, biologisk mangfald og inngrep i uberørt natur rår vi til at Tverrberget kraftverk ikkje får konsesjon.

Smøråa kraftverk:

Ut frå landskapsomsyn, friluftsliv, biologisk mangfald og inngrep i uberørt natur rår vi til at Smøåa kraftverk ikkje får konsesjon.

Stokkelva kraftverk:

Sett ut frå sjøaure- og laksebestanden og hensyntaken til å bevare strandlina mest mogleg, kan vi ikkje tilrå eit kraftverk på nedsida av riksvegen. Når det gjeld inntakspunkt og overføringsopplegget, vil vi kome attende til dette under synfaringa. Vi forutsett også ei minstevassføring. Utover dette har vi ikkje vesentlege merknader til søknaden.

Rabbelva kraftverk og Høgseterelva:

Ut frå samla belastning, landskapsomsyn, biologisk mangfald, konflikt med turbruk og inngrep i uberørt natur rår vi til at Rabbelva kraftverk ikkje får konsesjon.

Det må bli sett eit krav om at det blir ei minstevassføring i Høgseterelva. Det bør også vurderast om ein her bør ha eit større minstevassføring sommarstid knytt til landskapsbildet. Utover dette har vi ikkje vesentlege merknader til søknaden.

Loftdalselva kraftverk:

Ut frå samla belastning, landskapsomsyn, biologisk mangfald, stort bruk og inngrep i uberørt natur rår vi til at Loftdalselva kraftverk ikkje får konsesjon.

Morgådalselva kraftverk:

Ut frå samla belastning, landskapsomsyn, friluftsliv, biologisk mangfald og inngrep i uberørt natur rår vi til at Morgådalselva kraftverk ikkje får konsesjon. Her er det uaktuelt med avbøtande tiltak i det heile, Morgådalen må få vere i fred.

Skorga kraftverk:

Det må bli sett vilkår om at kraftverket og utløpet blir flytta ovanfor vandringshinderet for anadrom fisk og at det blir sett ei minstevassføring. Vi er usikre på om rørgata er plassert på rett side av Skorgedalen og om inntakspunktet er det optimale og vil avvente synfaringa før vi meiner noko om dette. Vi er også usikre på store kulturmarksverdiar det er langs vassdraget og vil eventuelt kome attende til dette etter synfaring i sommar.

Strandelva kraftverk:

Ut frå landskapsomsyn, biologisk mangfald og inngrep i uberørt natur rår vi til at Strandelva kraftverk ikkje får konsesjon.

Kvidalselva kraftverk:

Det må bli sett vilkår om at inntaket blir lagt utanfor verneområdet og at det blir sett ei minstevassføring. Elles kan det det vere mogleg at vi meiner noko om føring av veg og rørgate etter synfaring. Utover dette har vi ikkje vesentlege merknader til søknaden.