Planlagd landbruksveg i Kristiansund

Fråsegn til Kristiansund kommune.

Dykkar ref. 2008/3594-2





PLANLAGD LANDBRUKSVEG – GNR 112 BNR 1



Naturvernforbundet har no gått gjennom nokre sider av saka.



1. Dokumentasjon knytt til registrerte naturverndiar i området der omsøkte jordbruksveg er omsøkt bør vere eit førebilete for andre landbrukskontor. Det er slik det skal vere, men til no har vi ikkje sett ei einaste sak som har vore tilnærma like godt førebudd frå andre kommunar.



Vi har ikkje kjennskap til naturverdiar som er vesentlege for avgjerda av denne saka. Vi gjer merksam på at opplysningar om rovfugl er det kommuen sjølv som har hand om. Det må sjekkast at tiltaket ikkje har innverknad for rovfugl.





2. Generelt gjeld at friluftslivet ikkje treng tilrettelegging i form av fleire vegar. Dei vegane som trengst for å få folk ut i naturen er alt bygd. Den typen naturoppleving det er stadig vanskelegare å få er av typen natur utan inngrep. Ei eventuell vegbygging skal i så måte ha si fullstendige grunngjeving i skogbruket og ikkje i friluftslivet.







Vi seier oss elles lei for at det gjekk ei tid med svaret. Tanken var å synfare, og dessutan rauk det på sjukdom som sette oss litt ut av drift.





Med helsing



Naturvernforbundet i Møre og Romsdal





Øystein Folden

leiar