Planlagt industri og bustadområde i Stranda kommune – blir naturkonsekvensane feia under teppet?

Stranda kommune vil regulere eit område på Langeland – Tryggestad i Sunnylven til industri- og bustadområde. Kommunen meiner det ikkje er nødvendig med utgreiingar av naturkonsekvensane, samstundes som her er gjort eit unikt funn av taigaspissmus.

Noreg har vedtatt at det skal vere slutt på tap av biologisk mangfald innan 2010. Til det ligg føresetnaden om at ein

1. Kjenner til kva som finst av biologisk mangfald

2. Tar omsyn til det ein kjenner til slik at viktige leveområde ikkje går tapt.

Den nye naturmangfoldlova, vedteken 19.6.2009 og gjeldande frå 1.7.2009 legg nokre plikter på kommunane slik at Noreg sitt vedtak kan gjennomførast.

Funnet av taigaspissmus i det planlagde utbyggingsområdet er etter det Naturvernforbundet det einaste på Vestlandet, og eit av få i Noreg. Naturvernforbundet oppmodar Stranda kommune om å greie ut naturmiljø som eit av punkta i planprogrammet for dette området, og då særleg for å klarlegge levetilhøva for taigaspissmusa.

Øystein Folden er leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Stranda kommune