Praksis for bruk av roundup ved hogst

Spørsmål til Tingvoll kommune 5. september 2008.

Vedlagt følgjer to bilete. På det eine biletet ser vi ein stubbe som kan sjå ut som å vere blåmåla slik det ofte blir når det er brukt roundup. På det andre biletet ser vi seljeskota som kjem frå den same stubben.

Stubben finst i vegskråninga rett aust av Øvertrøa borettslag, koordinat 32VMQ 59113 76622

Spørsmåla Naturvernforbundet har er følgjande:

Brukte Tingvoll kommune roundup på stubbane då det blei hogd reint i denne vegskråninga for få år sidan?

Viss svaret er ja vil vi spørje om kvifor resultatet ikkje blei som forventa. Er det slik at roundup ikkje hindrar stubbeskot, og kvifor bruker ein då sprøytemiddelet?

Eller blei sprøytemiddelet brukt feil, og kva fortel sprøytejournalen om det som er gjort?

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Blåmalt stubbe etter bruk av roundup

Seljeskot frå roundupbehandla stubbe