Presisering til Aura Avis

Epost frå Øystein Folden til Aura Avis.

Det er mykje energi i dag. På side 5 ser eg olje- og energiministeren kjem med
eit innspel. Dette ser ut til å vere
«Innspel frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Olje- og energiminister
Odd Roger Enoksen.»

Vi er godt nøgd med at det står på trykk. Det bør oppklarast at det ikkje er
ministeren sitt innspel, men samstundes kan Aura Avis godt spørje om
ministeren vil seie noko om t.d. pkt 1 i innspelet. Det har no gått ca. ein
månad sidan dette blei sendt ministeren.

Vi såg i går at Statnett og Enova har snakka saman og har oppretta samarbeid
om tiltak hos forbrukar for at overføringsbehovet skal gå ned. Knytt til
innspelet vårt spurde vi kvifor ikkje Sula kommune fekk ei tilskotsordning for
at innbyggarar der skulle bli stimulert til å montere varmepumper, slik dei
hadde søkt om.


Øystein Folden