Presseklipp til Naturvernforbundet

Epost til medlemmene i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I starten av eit nytt år sender eg ein liten førespurnad til nokre av dei eg finn i våre medlemslister med epostadresse.   No er det ikkje akkurat slik at fylkeslaget er i beit med noko å finne på, men vi håper likevel å nytte ein lagleg reiskap til kanskje å nå litt lenger.   Lokallaga våre følgjer med i pressa, og nokre gongar så dukkar det opp saker som høver godt å ta tak i for å marknadsføre vårt syn. På den måten kan vi vere aktuelle og vi kan ofte gjere det på enkel måte. Vi har inntrykk av at det jamnt over er greitt å få våre lesarbrev inn i avisene rundt om, og andre gongar blir slike saker utgangspunkt for artiklar. Miljøsaker er godt stoff, og Naturvernforbundet er ei god kjelde for pressa. Det har vi også nytte av. Det hjelper oss fram med våre saker og set dei på dagsorden.   Fylket har over 25 aviser, og ein del av dei veit vi ingenting om. Men det kan vere du les ei av desse og kunne hjelpe oss litt. Vi er ute etter to ting:   1. Artiklar, lesarbrev osb. der Naturvernforbundet er nemnt. For slike klipp treng vi: A: Avisnamn B. Overskrift C. Dato D. Kven som er kjelde (NNV Møre og Romsdal, privatperson, redaksjonen som har arbeidd sjølv osb)   Lesarbrev som stammar frå oss treng vi ikkje meir om enn dette. Andre artiklar må vurderast om det er greitt at de skannar eller sender i post.    2. Saker der Naturvernforbundet kan gjere ein enkel innsats. Viss det er tilgang til skanner, så vil skanna artikkel vere det beste. Elles er attgjeving av sentralt innhald pr. epost mogleg, og klipp i posten går også an. Alle klipp må merkast med avisnamn og dato.   Viss du trur du kan hjelpe oss med slik «overvakingsteneste» i ei lokalavis jamnt eller når du har lyst, så send ein epost tilbake til meg, slik at eg får vite kva avis du kan følgje med i. Det vil ikkje ligge noko forplikting i denne oppgåva, og du vil når som helst kunne seie frå om du ikkje vil meir. Så her er det rett og slett tale om ei lita teneste i bakgrunnen når du har lyst.   Vi prøver å følgje med litt i nettaviser også, og det er lokalradioar som også er aktuelle. Følgjer du med på slike, så er dette også «klippteneste» som det er greitt for oss å få.   Viss det er andre ting du har lyst til å melde tilbake om, så gjer gjerne det også. Elles vil eg minne om at vi har internettside: www.naturvern.no/moreromsdal   Legg gjerne denne sida inn mellom favorittane.     Med helsing     Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal epost moreromsdal(a)naturvern.no