Problematiske innfartsvegar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Byane i fylket går saman om å løyse problema med innfartsvegane kan ein lese. Naturvernforbundet kan i denne saka hjelpe. Då vil byane få ei god trafikkløysing, dei som bur langs innfartsvegane får ikkje hagane rasert, det kan skje fort og det er ikkje minst bra for klimaet.

Vegtrafikk er i våre område ei stor kjelde til klimagassutslepp. Skal verda bli ein god stad å leve også for våre barnebarn, må vegtrafikken redusere sine utslepp til ein tredel av det som er no. Det let seg gjere, særleg viss byane går føre. Men det vil jo vere politisk mest pårekneleg at ein no først løyser trafikkproblemet med det resultat at utsleppa aukar, og så løyser klimaproblema som i mellomtida har blitt større. Medan den tida vi ikkje har går og går.

Det er som kjent moralistisk å meine at folk skal køyre mindre bil. Dobbeltmoral blir det om ein meiner andre skal køyre mindre bil. Sjølv idealistar har fått med seg det. Så skal det køyrast mindre bil er det politikarane som må vedta løysinga. Vil ikkje dei heller kjem vi til å køyre bil inn i den siste solnedgangen alle som ein.

Dei tre byane i Møre og Romsdal er alle i den stilling at dei no kan velje ei god løysing for framtida. Det er ikkje nødvendig å fylle sentrum med bilar sjølv om ein vil ha folk dit. Sentrum vil tvert om bli trivelegare om det blir mindre bilar. Buss har ein hatt i mange år, velprøvd teknologi som står klar til å takast i bruk i større grad enn no. Når bussen har køyrt treng du ikkje tenkje på parkeringsplass. Avstanden til alt du skal besøke kan reduserast når ein ikkje treng store areal til parkering. Når mange tar bussen blir det rimeleg og bussen går ofte.

Løysinga er enkel:

– Buss som går ofte og som er rimeleg.

– Parkeringsplassar i byane skal vere få og dei skal koste å bruke.

– Dei som bruker bil likevel må betale til dei tidene då det går buss, såkalla vegprising. Kvar gong dei passerer avgiftspunkt blir det trekt ei avgift frå ei bombrikke i bilvindauget. Gjerne med høgare pris i dei mest trafikkerte tidene. Avgifta som kjem inn blir nytta til betring av kollektivtrafikken og stimulans for syklistar og fotgjengarar.

Dette krev nokre vedtak, ei sprek satsing på kollektivtrafikk som er minst like enkel å betale tilbake som ein kvar biltunnel, og byggetida (frå vedtaka er gjort til bussen køyrer) er eit år eller to.

Dette er alle punkt som politikarar rår fullt og heilt over. Barnebarna dykkar vil viss dei må ta støyten av manglande klimatiltak ønskje at de som er politikarar no kunne ha vore straffa for dei tiltaka de ikkje gjennomførte for å unngå klimakatastrofen.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen