Purring

Epost 26. februar 2010 til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fra: Øystein Folden

Sendt: 26. februar 2010 21:21

Til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Emne: Purring – sak etter miljøinformasjonslova

27.1.2009 sendte Naturvernforbundet ein e-post med overskrift «Klage – miljøinformasjonslova». Dette var ei purring på brev av 13.12.2008. Hovudtema gjeld at Hamnevesenet i Kristiansund nekter å utlevere dokument og gi opplysningar, og Kystverket har funne at Fylkesmannen er overordna mynde og følgjeleg klageinstans vedkomande miljøinformasjonslova sidan dette er offentleg verksemd.

Naturvernforbundet har no venta meir enn urimeleg lenge. Vi vil gjerne ha avgjort om vi har krav på å få dei etterspurde manglane ordna. Kjem Fylkesmannen til å svare oss, eller skal vi bringe saka vidare til Sivilombodsmannen eller noko anna som kan få fart på saka?

Dokumenta i saka ligg på /cgi-bin/naturvern/imaker?id=127679

Ein del av e-posten frå Naturvernforbundet 27.1.2009 følgjer nedanfor.

Med helsing

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Fra: Øystein Folden

Sendt: 27. januar 2009 21:36

Til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Emne: Fw: Klage – miljøinformasjonslova

Vedlegg: klage – miljøinformasjonslova.pdf; Kystverket – svar om miljøinformasjon 11-12-2008 001.tif

Som det syner under sendte Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ei sak over til Fylkesmannen 13.12.2008. Det er halvannanan månad sidan. Kan det tenkjast at Fylkesmannen no snart vil seie frå om kor lenge sakshandsaminga kjem til å vare i denne saka før vi kan rekne med å få eit svar? Eller kan hende saka er moden nok til at vi kan få eit ferdig svar no ganske snart?

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden

leiar