Ramsar-område på Vigra: Kvifor blir ikkje Naturvernforbundet spurt?

Giske kommune har fått ei melding med forslag til konsekvensutgreiingsprogram frå Subsea7. Det er planlagt ein rørbase i Gjøsundet og innover Vigramyrene. Her ligg også eit naturreservat som er registrert som eit internasjonalt våtmarksområde (Ramsar). Naturvernforbundet har ikkje fått saka til høyring.

I ein epost til Giske kommune og Subsea7 spør Naturvernforbundet om miljøvernorganisasjonane vil bli høyrt i saka: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gjennom media blitt kjent med planar om etablering av ein base nær eit naturreservat (og Ramsar-område) på Vigra i Giske kommune. § 6 i forskrift 1. april 2005 nr. 276 om konsekvensutredninger har m.a. desse reglane: «Forslag til program skal sendes på høring til berørte myndigheter og interesseorganisasjoner og legges ut til offentlig ettersyn. Det skal settes en rimelig frist for uttalelser. Fristen bør ikke settes kortere enn seks uker.» Naturvernforbundet kan ikkje sjå at vi som ein interesseorganisasjon er registrert som høyringsinstans i denne saka. Vi går ut frå at vi umiddelbart får tilsendt alle nødvendige dokument i saka på papirform. Det er også andre miljøvernorganisasjonar i fylket som bør vere aktuelle høyringsinstansar, t.d. Norsk ornitologisk forening. Vårt lokallag i Ålesund og omegn har også bede om å bli registrert. Vi ber om konkret tilbakemelding. Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 6630 TINGVOLL Telefon 91 81 25 42 Epost moreromsdal@naturvern.no Internett www.naturvern.no/moreromsdalEtablering av Subsea 7 på Gjøsund

Vi vil med dette varsle om oppstart av reguleringsarbeidet samt forhandling om utbyggingsavtale for industriområdet på Gjøsundneset og delar av Gjøsundmyra.
Planen ligg i hovudsak på Gjøsundneset, sørligste del av Gjøsundmyra og med ein smal korridor i rett line opp mot flyplassen (sjå foto under).

Hensikten med planen er å legge til rette for industri og ta vare på eksisterande busetnad i området. Det vert planlagt vegomlegging, gang/ sykkelveg og busslomme som del av trafikksikringstiltaka for området.

Det er utarbeid plankart som viser planområdet og planprogram som ligg ute til høyring og merknadsfrist fram til 01.09.06 Planprogrammet er lagt ut på rådhuset i felleskontoret, og som eiga fil (under).

Bilde Subsea

flyfoto: copyright Fjellanger-Widerøe

Filer

Plankart

Melding om konsekvensutgreiingsprogram (KU)

http://www.giske.kommune.no/artikkel.asp?AId=499&MId1=6&Back=1