Rapport frå skjøtsel på Langbakksetra og Vollasetra i 2017
Naturvernforbundet har kvart år ein slåttedugnad på oppdrag frå Verneområdestyret for Trollheimen og etter avtale med grunneigar og Kristiansund og Nordmøre Turistforening. Formålet er å ta vare på kulturmarka i seterlandskapet, basert på ein skjøtselsplan frå 2012.
Rapporten tek for seg kva som er gjort av skjøtsel i 2017, observasjonar som er gjort, tolkingar av desse og litt om behova vidare.