Rask reaksjon frå Gjemnes kommune på ulovleg avfallsbrenning

Naturvernforbundet oppdaga eit ulovleg avfallsbål under oppbygging og varsla Gjemnes kommune. Kommunen rykka umiddelbart ut.

Epost 17. oktober 2007 til Gjemnes kommune:

Fylkesleiar i Naturvernforbundet køyrde mot Torvika den aktuelle dagen og rett utanfor sentrum i Batnfjordsøra ligg det eit «bål» til ned mot sjøen. Det kunne sjå ut som det låg ein båt der med ymse oppi og granbar på toppen. Såg jo litt finare ut, men det kan vere det er greitt å sjå på innhaldet i den haugen også. Vi er ikkje etter folk, men tykkjer det er på tide at vi får slike ting litt meir ordna. Er det reint trevirke er det jo ikkje noko stort problem, men det har jo lett for å vere ein del anna også, og det meiner vi det er på tide å få samla inn i ordna former. Gjenvinningsstasjonen på Batnfjordsøra ser i alle fall fin ut utanfrå, så den vil vi jo gjerne at folk bruker i staden for å
kaste ting ukontrollert.

Det er jo ikkje akkurat noko enkelt felt å ta tak i, men det er kanskje litt
lettare etter at Naturvernforbundet har hjelpt til litt i to saker. Så lenge
det er tale om estetisk forsøpling og ikkje ureining av grunnen er det for
ein periode greitt nok at syndaren får ein frist for å ordne opp. Rykte vil
vel gå og det blir mindre fristande å halde fram med uskikken. Lykke til med
arbeidet!

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Svar same dag:

Hei.

Viser til din henvendelse angående en avfallsfylling mellom E39 og Batnfjordselva. Kommunen har sett på saken, og anmodet om at grunneier rydder opp på stedet innen 1. november. Vi har også opplyst om at stedet ikke må nyttes som «avfallsbålplass» i framtiden. Hvis stedet ikke blir ryddet opp vil vi vurdere pålegg om opprydding etter forurensningsloven §
37.

Mvh.

Øyvind Skogstad Rådgiver miljø og landbruk Gjemnes kommune Tel: 71291134