Raudsand er rette plassen, men ikkje for meir avfall

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Vi les konsekvensutgreiing for tida. Den skulle jo svare på alle spørsmål. Er det slik?

Utgreiinga seier at avfall kan blandast på Raudsand og lagrast på Raudsand. Kan vi spørje, er det nokon stad i Noreg med litt glise mellom naboane at ein ikkje kan gjere det med dei aktuelle kriteria? Det hadde vore interessant å vite om t.d. ein del stader langs Oslofjorden har dei same føresetnadene. Det er ingenting i utgreiinga som seier at Raudsand er tryggare eller betre enn andre stader.

Når blanderiet er ferdig og gipsen skal lagrast, då ser det ut til at det viktigaste er at deponiet kjem til å bli verande under havvatn til evig tid. Vi finn ingenting om at Raudsand er einaste staden der det kan skje. Kan vi anta at det må vere minst 500 stader i Noreg som har minst like gode føresetnader som Raudsand på desse to heilt sentrale punkta?

Vi har leita for å finne ut om Raudsand kan ha eit fortrinn ved at det ligg spesielt langt unna der avfallet oppstår, men det spørsmålet har vi ikkje sett mykje om. Dette er eit vesentleg moment som verkeleg talar mot Raudsand som deponistad.

Noko fortrinn må då vel Raudsand ha? Men vi finn ikkje noko om dette temaet. Etter dette kjem vi på berre to moment som kan tale for lokaliseringa på Raudsand: Nesset kommune er vel einaste kommunen i heile landet som til no har sagt at dei vil ha dette i sin kommune, og Harald Storvik har vore viljug til å satse nokre pengar på å utgreie dette. Viss det er dette som er avgjerande for kvar eit slikt deponi skal plasserast, så er det stor risiko for at vi ikkje finn den optimale løysinga for spesialavfallet.

Naturvernforbundet trur framleis at den beste lokaliseringa for eit slikt deponi ligg nær der mykje av avfallet oppstår, dvs. i Oslofjordområdet. Elles trur vi at vi vil få bruk for metalla som er igjen i oska, og at det er aktuelt å reinse svovelsyra som er ein stor del av avfallet. Då vil vi i framtida sjå at det er tale om ei heilt anna mengde og handsaming av dette avfallet. Då vil ei lokalisering til Raudsand bli endå meir feil. Det er sjølvsagt synd for Nesset at det ikkje blir noko av desse arbeidsplassane, men arbeidsplassar er verdifulle også på Austlandet. Vi har noko som dei rundt Oslofjorden ikkje har, nemleg fjord og fjell. Dette er gode ressursar så lenge vi held dei reine og pene, og arbeidsplassane kjem nok dei også.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal