Rauma kommune – behandling av klaga på løyve til Fri Flyt

Vedtak 19. mars 2007.

Rauma kommune

Sakspapir i delegasjonssak

Styre, utvalg, komite m.m.

Møtedato

Saknr

Saksbehandler

Fullmaktsvedtak TM

19.03.2007

015/07

OKT

Saksansvarlig

Thomas Rødstøl

Arkiv: K2-K01

Objekt:

Arkivsaknr

07/160

KLAGE PÅ VEDTAK – DISPENSASJON FOR MOTORFERDSEL I UTMARK – FRI FLYT

Vedlegg:

Vedtak DS 07/07, 25.01.2007.

Klage på vedtak m/vedlegg, Norges Naturvenforbund, 07.03.2007

Kommunalt regelverk for motorferdsel i utmark, K-sak 008/07.

Saksutredning:

Norges Naturvernforbund har gjennom lokallaget og fylkeslaget klaga på Rauma kommune sitt vedtak i DS 07/07, datert 25.januar 2007.

Vedtaket er eit enkeltvedak som kan påklagast av part eller den som rettsleg klageinteresse i saka. Gjennom innhenta opplysningar er det klart at Norges Naturvenforbund er eit nasjonalt interesseorgan som har rettsleg klageinteresse i denne type saker.

Klagefrist er 3 veker frå det tidspunket parten er informert om vedtaket. Naturvernfonbundet har ikkje fått særutskrift av vedtaket fordi kommuen har vurdert forbundet til å ikkje være part i saka. Gjennom klagen er ein kjent med at Norges Naturvernforbund har rettsleg klageinteresse, og difor er å ansjå som part etter forvaltningsloven. På grunnlag av dette tilhøvet kan ein godta at klagen er framsett etter fristens utløp. Klage er framsett i god tid innan maksimumstida som etter lova er 3 mnd. Vedtaket vart fatta den 25.januar 2007.

Naturvernforbundet ber særskild kommunen vurdere om vedtaket skal få oppsettande verknad. Rauma kommune har gjennom si saksutgreiing vurdert eventuelle skader og ulemper overfor flora, fauna og støy. I dette tilfellet er det støy som er den reelle ulempe. Støyen vil være avgrensa til når flyginga blir gjennomført, og vil ikkje få verknad etterpå. På grunn av at tiltaket ikkje er vurdert til å påfører varige og uoppretteleg skade, vil ikkje kommunen gje vedtaket oppsettande verknad.

Rauma kommune har vurdert innhaldet i klagen utan å finne vesentlege nye moment i saka og opprettheld tildlegare vedtak. Klagen blir oversendt Fylkesmannen i Møre og Romsdal for handsaming.

Vedtak:

Rauma kommune har etter delegert fullmakt handsama klagen frå Norges Naturvernforbund for innvilga helikoptertransport for sportsmagasinet Fri Flyt med landingsløyve på vilkår.

Klagen er vurdert etter Forvaltningsloven, Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, samt lokale retningslinjer for slike saker vedatt av kommunestyret 27.02.2007.

  • Sak DS 07/07 er eit enkeltvedtak med klageadgang for part eller den som har rettsleg klageintersse.
  • Klagen er framsett av part som er vurdert til å inneha rettsleg klageinteresse på grunnlag av dette er eit nasjonalt interesseorgan.
  • På grunn av manglande underretning om vedtaket og at klage er framsett innan 3 månader etter at vedtaket var fatte, tek ein klagen til handsaming.
  • Rauma kommune gjev ikkje klagen oppsettande verknad. Tiltaket er vurdert til ikkje å medføre ulempe utover den tidsavgrensa støy er skjer under flyging.
  • Det føreligg ikkje nye saksopplysningar. Kommunen opprettheld tidlegare vedtak og oversender klagesaka til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for vidare handsaming.

Rett utskrift bekreftes

Ole Kjell Talberg

Sektorsjef

Direkte tlf.71 16 66 29

Kopi til:

Fri Flyt

Fylkesmanen i Møre og Romsdal

Fylkeshuset

6404

MOLDE

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden

6630

TINGVOLL

Naturvernforbundet i Rauma

Gunn N. Morstøl

6320

ISFJORDEN