Raumabanen: Heller jernbane enn veg

Fylkesordførarkandidat Oddbjørn Vatne frå Senterpartiet har foreslått å ta pengar frå drift av Raumabanen for å nytte til vegbygging i Vestnes og Rauma. For Naturvernforbundet er denne saka ganske grei.

Enkelte vi ha fått med seg at det går ein debatt om tiltak for å redusere klimaendringane for tida. Det er i alle fall to klare konklusjonar frå debatten:
1) Vi treng jernbane 2) Vi treng ikkje politikarar som vil ta pengar frå jernbane for å bruke på veg

Naturvernforbundet har hatt litt korrespondanse med Oddbjørn Vatne: —–Opprinnelig melding—–
Fra: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Sendt: 5. juni 2007 13:40 Til: ‘Vatne Oddbjørn’
Emne: SV: Nasjonal politikk frå Senterpartiet?

Det er fleire spørsmål her: 1) Er det god miljøpolitikk å ta penger frå tog for å bruke på veg? Eg kan spørre Natur og Ungdom kva dei karakteriserer dette som. 2) Skal pengane nyttast til betre buss eller til betre veg? 3) Vil du krevje miljørekneskap for samferdselsprosjekt (som Langfjordtunnelen og Nordøyvegen) eller berre for drift av ei avgrensa jernbanestrekning? 4) Hypotetisk: Miljørekneskapen vil truleg vise at det er betre å nytte pengane til betre jernbanetilbod rundt Trondheim, Bergen og Oslo enn til vegbygging i Møre og Romsdal. Då har vi spelt vekk Raumabanen og fått bussen igjen. Skal vi då takke Senterpartiet nasjonalt eller Senterpartiet i Møre og Romsdal?

Øystein Solevåg


—–Opprinnelig melding—–
Fra: Vatne Oddbjørn
Sendt: 5. juni 2007 09:36 Til: moreromsdal(a)naturvern.no Emne: SV: Nasjonal politikk frå Senterpartiet?

Passasjertrafikken på Raumabanen har store sesongmessige variasjonar, dvs at mykje av trafikken er turistar sommarstida. Dette tilbodet skal oppretthaldast og utvidast. Det vi ser er at gjennomsnittet på ein vanleg dag ligg på ca. 15 passasjerar. Miljørekneskapen vil vise at å dra eit tungt tog oppover Romsdalen med diesellokomotiv med 15 passasjerar er ei dårleg miljøsak.

Andre plassar vil dette ligge til rette og Sp vil satse på toget.

Oddbjørn Vatne,SP


Fra: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Sendt: 5. juni 2007 08:27 Til: jenny.klinge(a)stortinget.no Emne: Nasjonal politikk frå Senterpartiet?

Hei, eg ser Oddbjørn Vatne har eit forslag om å kutte persontrafikken på Raumabanen. Vi veit frå andre miljøsaker (t.d. gasskraft) at Senterpartiet i Møre og Romsdal legg mindre vekt på miljøvern enn Senterpartiet nasjonalt.

Er det ein del av den nasjonale miljøpolitikken til Senterpartiet å fjerne persontrafikken på Raumabanen?



Øystein Solevåg Naturvernforbundet i Møre og Romsdal mobile: +47 40 23 47 05 moreromsdal(a)naturvern.no
www.naturvern.no/moreromsdal