Redd for lite og dyr straum til vinteren?

Energidebatten når nye høgder, men det er lite å bli klok av. Tiltak som blir framstilt som den store berginga kan kanskje stå klart i 2009, og miljøsida av saka er heller dårleg. Medan vi venter kan vi kvar for oss løyse ein heil del av problemet nærast på eiga hand.

Kjøper du 8000 kWh straum til oppvarming no og gjer ingenting, kjem du til å kjøpe same mengde neste år også. Går prisen opp med 50 øre pr. kWh så er det tale om ei auke på 4000 kroner for året. Det kan fort bli meir.

Leverer du panelomnane til attvinning og kjøper ein pelletskamin i staden, er det lite som tyder på prisauke av nokon storleik på brenselet. Då kan du ha nærare 10000 kroner til å kjøpe pellets for og betale ned på omnen. Det blir lønsamt ganske snart. Gjer mange nok det same, så vil ein del av energiproblemet også vere løyst. Er du flittig til å legge i omnen og har tilgang på ved, er nye, effektive og reintbrennande vedomnar endå betre løysing.

Er du meir makeleg er varmepumpe eit alternativ. Då må du framleis kjøpe ein god slump med straum, men mykje mindre enn om du held på panelomnar og varmekablar som varmekjelde. Varmepumpene er vel lønsame alt no, og høgare energipris gjer lønsemda betre.

Både pelletskamin og varmepumpe kan kjøpast på enkel måte og vere i drift i løpet av få dagar. Då veit du at det er varme i huset også i 2007 og 2008.

Naturvernforbundet hadde gjerne sett at regjeringa kom med tydelege signal i denne saka, i form av premiering til dei som vil gjere noko med vår felles energisituasjon alt no. Samfunnet har mykje å spare sidan desse løysingane ikkje krev nye og større kraftliner. Ein del politikarar og samfunnstoppar trur visst ikkje på at det hjelper. Dei satsar på store løysingar og bryr seg lite med miljøverknadene.

Det er på tide å vise straumsparing i praktisk gjerning, slik at vi ikkje blir pådytta energiproduksjon i form av gasskraftverk, vindmøller, småkraftverk med tilhøyrande nye kraftliner og anna galskap i kvar ei bygd.

Difor seier no Naturvernforbundet (for ein gongs skuld): Løp og kjøp! Kjøp pelletskamin eller varmepumpe. Det meste av det andre som har den oppmodinga aukar berre forbruket vårt og bør ikkje kjøpast om ein tenkjer på miljøet. Ha ein god og varm vinter!

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar