Redde klimaet?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I Tidens Krav 8.1.2018 står det på leiarplass at vi, truleg med entusiasme, bør redde klimaet på kloden ved å legge fleire straumkablar til utlandet. Det kan verke som dei som vil gjere noko anna liknar på strutsen.

Når ein miljøorganisasjon som Naturvernforbundet takkar nei til eit «klimatiltak», då bør ein redaktør undersøke nærare. Er det verkeleg sant at ein miljøorganisasjon slett ikkje vil redde klimaet? Eller kan det vere at det såkalla klimatiltaket ikkje er noko klimatiltak likevel? Det er nok snart berre Zero av miljøorganisasjonane som meiner fleire utanlandskablar er bra. Ein titt på lista over Zero sine støttespelarar kan gjerne gi ei god forklaring.

Det er alt bygd kablar nok til utlandet til at ein kan transportere mykje meir enn overskotet i norsk kraftproduksjon. Med fleire kablar kan ein rett nok levere meir straum til Storbritannia mellom kl. 7 og 8 om morgonen. Men då må ein produsere mindre på eit anna tidspunkt, for det regner ikkje meir i kraftmagasina av dette. For å seie det i klartekst: Opplegget vil gå ut på at det blir installert større turbinar i kraftverka, slik at dei kan få gjennom endå meir vatn mellom 7 og 8 om morgonen. Då vil elva gå stor. Utpå natta vil kraftverket helst stenge av vatnet om dei kan få lov. Då strandar fisken. No skjer dette utilsikta frå tid til annan. Med fleire kraftkablar vil ikkje denne variasjonen vere utilsikta lenger.

Ei anna side av saka er at straumen som blir produsert rundt i heile landet skal transporterast til enden av sjøkablen. Då blir det fleire store kraftliner.

Utveksling med utlandet i form av kraftkablar kan vere nyttig. Men det er som med behovet for veg mellom Kristiansund og Molde. Ein veg er nødvendig, to vegar er nyttig. Men ti vegar, det vil faktisk vere toskete. Det går allereie utanlandskablar nok til å få ut den klimaeffekten som norsk vasskraft kan gi.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal