Redusert gaupekvote
Naturvernforbundet fekk medhald i klage om at kvota for hogauper var for stor.
Rovviltnemnda vedtok ei kvote for vakse hogauper på 8 for jakta vinteren 2023 i Midt-Noreg. Naturvernforbundet meinte kvota blei sett for høgt og klaga.
No har Klima- og miljødepartementet tatt stilling til klaga, og sett ned kvota til 5 hogauper. Sjølv om ikkje totalkvota blei endra, vil normalt ei redusert hogaupekvote føre til at jakta blir stoppa før totalkvota er fylt.
Klaga og departementet si avgjerd kan du lese under.