Referat frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Rauma

Årsmøte for Naturvernforbundet i Rauma vart halde på Galleri Innsikt, Grøtta, Isfjorden 12. februar 2007.

15 medlemmar møtte.

Gunn Nordheim Morstøl ønska velkommen og vart vald til ordstyrar.
Anne Øien vart vald til referent.

Anne Øien la fram årsmelding. Denne vart godkjend.
Beate Volstad la fram regnskapet. Også godkjend.

Valg.
Styret for inneverande år, er som følger:

Gunn N. Morstøl, leiar Anne Øien, nestleiar John Aasen, styremedlem, vald for ny toårsperiode Beate Volstad, kasserar

Birgitte Zijlstra, ny styremedlem Svein Gunnar Rydjord, ny styremedlem

Bjørn Jøran Pedersen, innvald som «senior» eitt år om gongen

Valnemnd: Reidun Skjølsvik og Hans den Dikken

Revisor: Ståle Gyldenås.

Utsending til fylkesårsmøte: John Aasen og Gunn N. Morstøl

Utsending til landsmøte: Gunn N. Morstøl

Årsmøtet hadde ei ekstra markering av «Kvanndalssigeren». Rett før årsmøtet hadde OED vedteke vern av Kvanndøla og det var naturleg og takke både folk i lokallagsstyret og fylkesstyret for engasjementet.

«Kvanndøla klukka ekstra nøgd i vinterdrakt», fortalte Oddmund Unhjem på møtet. Han hadde teke ein skitur for å gratulere Kvanndøla med sigeren!

Etter den formelle delen av årsmøtet, som inneheldt mange gode meiningsytringar, heldt Øystein Folden eit kåseri med tittelen «Den gongen naturgleda forsvann».

Takk til Øystein!
Og til oppmøtte og engasjerte medlemmar.

Anne Øien, ref.