Refstie har eit klimaproblem

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Takk til Ståle Refstie for ei klargjering kring samferdsel og klima. Skjønt ei klargjering var det vel ikkje. I løpet av nokre år vil Noreg måtte redusere klimagassutsleppa sine med 80%. Sidan vegtrafikken står for over 20% av desse utsleppa må ein velje om ein vil la vegtrafikken halde fram og så stoppe alle andre klimagassutslepp, eller om ein vil gjere noko også med biltrafikken.

Refstie seier han gjerne vil behalde aluminiumsindustrien. Sjølv om aluminiumsproduksjonen på Sunndalsøra truleg er den reinaste aluminiumsproduksjonen vi har, slepp han ut ein del klimagassar. Då blir Refstie nøydd til å gjere noko med vegtrafikken likevel. Trollheimstunnelen, viss han blir bygd, skal vel vare såpass lenge at vi berre er på 20% av noverande klimagassutslepp eit stykke ut i denne tunnelen si levetid. Har vi då bruk for tunnelen? Sit ikkje då dei fleste på bussen likevel, og då køyrer bussen direkte ombord på ferja like gjerne som noko anna? Er det forresten buss kvar halvtime eller noko deromkring som blir rekna som dårleg samferdselsløysing? Då vil jo også dei som ikkje kan eller vil køyre bil få ein sjanse til å flytte seg litt enkelt og greitt i motsetnad til i dag. Kan hende sparar ein såpass ombordkøyringstid ved at det skal på ein buss eller to i staden for 30 bilar at det ikkje gjer noko om ferja sparar energi ved å gå noko saktare.

Det einaste som er sikkert er at vi ikkje kan gjere som vi har gjort på samferdselsområdet. Vi blir nøydde til å redusere behovet vårt for å flytte oss, vi er nøydde til å bruke mindre energi når vi flytter oss og denne energien må bli reinare. Det er vanskeleg å sjå andre løysingar enn ein del fellesløysingar, til vanleg nemnt som kollektivtrafikk.

Naturvernforbundet ser ikkje bort i frå at eit klimarekneskap for Trollheimstunnelen kan kome til å vise at han ikkje bør gjennomførast. Ferjeavløysingar gir generelt ei betydeleg trafikkauke, og i dette høvet vil ein del av trafikkantane også måtte køyre ein del lenger enn før. Det vil vere synd om ein finn ut at klimagassutsleppa blir for store når det er for seint.

Det kan godt vere vi også i framtida kan tale om vekst i næringslivet, fleire jobbar, meir folk og økt bulyst for innbyggarane våre. I alle fall viss vi passer på klimaet vårt. Det vil jo vere synd spesielt for Sunndalsøra viss isen på Grønland og i Antarktis smelter og havet stig ein del meter.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Fylkesleiar Øystein Folden har epost moreromsdal@naturvern.no og telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen