Regjeringa med avgjerd i «Monsterlinjesaka»

Rett før jul fatta Olje- og energidepartementet avgjerd i klagesakene for den planlagde kraftlinja Ørskog – Fardal. Naturvernforbundet har kort oppsummert sitt syn på denne saka.

1) Naturvernforbundet håper Statnett/NVE/Olje- og energidepartementet gjennom denne saken har lært at dei like godt først som sist kan utgreie fullt ut sjøkabelalternativ, anten det blir aktuell løysing eller ikkje. Å la det vere vil i framtida alltid forsinke denne typen saker med årevis.

2) Slik Naturvernforbundet ser det, bør sanering av gamle kraftliner i det omfanget det i løpet av saksbehandlinga har blitt i denne saken med fordel vere med i nye søknader frå første stund.

3) Også i denne saken ser vi at andre omsyn ofte påverkar val. Og igjen ser vi at det ofte er natur som blir salderingsposten i slike saker. Før eller seinare vil vi oppdage at naturlover ikkje kan utfordrast på denne måten. Vi hadde håpa vi hadde kome lenger på dette punktet.

4) Energieffektivisering vil alltid vere interessant som løysing. Summen av kraftlineinngrep og nye inngrep knytt til kraftproduksjon vil alltid vere store. Store kostnader kan forsvarast til energieffektivisering i alle fall. I tillegg vil energieffektivisering oftast ha langt mindre negativ verknad.

5) Lokalisering av kraftkrevjande verksemd må i mykje større grad enn før avgjerast av kvar det er tilgang på kraft.