Reguleringsplan turveg rotevatnet – uttale

«Slik dette prosjektet står fram no, er dette eit etter måten stort inngrep, med ein viss veg-standard og t.d. opning for gatelys. Dette er under alle omstende noko anna enn ein enkel tursti, t.d. i form av klopping og tilrettelegging for passering av gjerde o.l.» seier Øystein Folden, leiar i Noregs Naturvernforbund Møre og Romsdal.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Tingvoll, den 27.2.2004

Volda kommune

Stormyra 2

6100 VOLDA

REGULERINGSPLAN TURVEG ROTEVATNET – UTTALE

Vi viser til vår uttale av 15.5.2003 i samarbeid med NOF avd. Møre og Romsdal.

Slik dette prosjektet står fram no er dette eit etter måten stort inngrep, med ein viss veg-standard og t.d. opning for gatelys. Dette er under alle omstende noko anna enn ein enkel tursti, t.d. i form av klopping og tilrettelegging for passering av gjerde o.l. Avstanden til vatnet vil for det meste av strekninga vere så liten at dyre-/fugleliv knytt til strandmiljøet vil bli forstyrra. Berre artar som tåler mykje verksemd vil bli att, og desse ser ein mange stader elles også.

Vi ønskjer elles å rette merksemda mot heilskapen i naturverdiane i nærleiken av tettstaden. Nordstranda av Rotevatnet er einaste lettilgjengelege området med så små inngrep at det i visse samanhengar har god funksjon som viltbiotop. Vidare er dette einaste område av ein slik karakter som grenser mot ferskvatn. Sjølv om kulturpåverknaden er tydeleg, er altså vesentlege naturverdiar i behald.

Området har ikkje spesiell verdi på regionalt nivå, men har altså unik verdi lokalt. Vi trur når alt skal summerast at tettstaden Volda har mykje meir bruk for desse naturverdiane, enn at ytterlegare område blir tilrettelagt med turvegar.

Vi vil minne om at det på sørsida av vatnet alt er ein veg som ligg nært til vatnet, og det er mogleg å gå rundt vatnet ved å nytte seg av vegen høgare opp i lia på nordsida. Viss denne vegen oppe i lia blir ytterlegare tilrettelagt med gangveg eller fortau, vil folket i Volda kunne nyte naturverdiar i behald, samstundes som dei kjem seg ut. Blir det bygt turveg (og særleg med høg grad av tilrettelegging) langs vatnet, er det stor fare for at ein god del av desse naturverdiane går tapt. Dette sjølv om område av spesielt stor verdi blir spart til ein viss grad.

Vi vil difor klart rå frå at området blir regulert til turveg. Viss det likevel blir vedtatt regulering til turveg, vil vi i det minste be om at det då blir sett føresegner om at det skal vere tursti (ujamn flate med berre stadvis tilrettelegging) og ikkje nokon veg (jamn flate). Dette for å fremje det enkle friluftslivet som Stortingsmelding nr 39 viser til. Det vil venteleg også gli lettare inn i gardsdrifta viss turgåarane får ei sterkare kjensle av å vere gjester i kulturlandskapet enn når dei går på ein veg der gardsdrifta mest oppfattast som eit forstyrrande element.

Med helsing

Øystein Folden, leiar