Reguleringsplanarbeid for steinbrot

Epost frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune 8. juni 2008.

Vi ser no at det er søkt om mellombels uttak av stein frå Storlia til reguleringsplana blir godkjent.

Etter det vi veit er det meldt om oppstart av reguleringsarbeid for steinbrot både i Litjbrekka og Storlia for ei god stund sidan.

Båe stader er det tale om eksisterande brot som ikkje kan seiast å vere usynlege og utan ulempe, og reguleringsplan skulle ha vore handsama for lenge sidan slik at ikkje berre drivarane lager premissane for uttaket.

Elles er utforming, avdekking av fjell og opplegg av skjerm svært avgjerande for resultatet i eit steinbrot, både under drift og ved avslutning. Feil her får verkand for resultatet. Slike spørsmål må få ei grundig handsaming.

Det finst og steinbrot i drift på Saghøgda, rett nok med eit anna utgangspunkt enn dei to førnemnte.

Vi spør no enkelt og greitt:

– Viss det no blir gitt løyve til mellombels drift i Storlia, kva verdi har då ein reguleringsplanprosess i slike saker?

– Er dette ein invitasjon til andre om at dei får lage eit mindre hol først, og så vil dei få halde fram?

– Er det slik at entreprenørane skal få lage kvar sine hol?

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Tingvoll